Sider

onsdag 20. juni 2012

I mitt rette element


Då er Nordisk kongress i gynekologi og over. Vi hadde flotte dagar i Grieghallen og alle i den lokale organisasjonskomiteen gler seg og tykte vi gjorde hadde fått til ein strålande kongress. Sjøl skrytt er vel skrytt. 

Bra fagleg program, nok mat og underhaldning. Eg hadde mi til no største songoppleving då eg fekk opna kongressen med å synga Nystemten a capella, solo i konserthallen for nokre hunder menneske. Fantastisk klang.


Vulvaen kom seg opp og no har eg for fyrste gong fått erfara å koma ut av ein vagina..... Eg er nemleg resultatet av eit planlagt keisersnitt. Berre kring 2% av alle barn vart fødd med keisersnitt i 1971.

Elles kan de lesa litt meir om meg i dette intervjuet i Legetidsskriftet.

søndag 10. juni 2012

Sommar og blomar

Jobber iherdig med å få litt svung over hagen på Tysso. Noko blømer jo som berre juling. I det eine bedet måtte eg faktisk byrja å tynna litt ut av ein blå sak som formeirer seg som berre nøkken. Den heldt på å fullstendig skuggeleggja ein fin hosta eg har. No har eg flytta litt av den bort i eitt bed som slit litt meir. Der kan den godt få formeira seg litt meir.


Hagearbeid gir meg freid i sjela. Skal ikkje påstå eg er noko naturtalent eller har så mykje kunnskap og innsikt, men det er koseleg å plukka ugras, flytta litt på planter og planta nytt.



Ha nokre fine dagar.

torsdag 7. juni 2012

Lekker lampe


I dag har eg vore på ein av mine favorittkafebutikkplassar. Nemleg Patina på Evanger. Eg må alltid innom der dersom eg køyrer forbi og dei er opne. I dag skulle eg henta Litjpia som har vore på eit lite ferieopphald i Ulvik grunna streiken. Evanger er ca midt mellom Ulvik og Bergen.

Fekk oss ein kaffe og deilige smørbrød i solsteika i tillegg til å kunna suga inn den gode atmosfæra. 

På vegen klarte eg rett nok å irritera meg grøn over ein bil som laga kø. Det er lov å køyra sakte, men då må ein sleppa folk forbi når ein ser ein lagar kø. Denne bilen bremsa ned i 60 når den køyrde inn i tunnelar og når vi kom til stader der det var høveleg å køyra forbi så suste den opp i 80 og auka farten i det eg køyrde forbi. Arghhh....

Vel, vel, dette skulle jo handla om den nye lampa mi. Er den ikkje strålande vakker i all sin pastell? Lurer no på om eg må byta leidning også eller berre kontakt for å få den inn i dei jorda støpsla. Den fann eg hjå favorittkafebutikken min på Evanger. 


Ha ein strålande kveld.

mandag 4. juni 2012

Krisebarnehage

Litt lei av streik no kjenner eg. Det er sjølvsagt greit å ha ein fleksibel jobb når barnehagen er stengt. Bestemor var her nokre dagar, men måtte heim igjen til trøndelag. I dag har eg hatt naboen sine ungar i tillegg til Litjpia. Heldigvis fekk eg selskap av ei veninne til med baby og litt småsjuk 3-åring så kunne i alle fall mødrene få litt vaksenkontakt.

Det pedagogiske opplegget var eit minimum. Heldigvis var det få tilløp til kriser og krangling. Slik kunne pedagogikken haldast på eit reint lite fredsløysande minimum.

Kosten har bestått i medbrakte potetlefser og gulrot til frukost, fødselsdagsgeleen eg gløymde å servera i Litjpia sin fødselsdag og fiskepinner med agurk. 

No er huset bomba og Litjpia har reist på tredagers opphald til Ulvik med besta.



Tenkjer eg med dette har lagt inn ein fin, fin søknad som familiebarnehage.

søndag 20. mai 2012

På gamle brusteinstier i Valencia


Ah, kor herleg var det ikkje å vera attende i Valencia. Eg må berre seia at den som ikkje har vore her enno bør ta seg ein tur. Kvifor må alle på død og liv reisa til Barcelona på storbyferie når ein har Valencia. Det er den 3. største byen i Spania og eg tør påstå den har Spanias finaste plaza - Plaza de la Virgen. 

Veninna mi og eg vart kjend her for 15 år sidan. Litt merkeleg å tenkja på at det har gått så mange år, men så har vi jo vorte ferdig med studier, spesialisering, fått oss nokre ungar etc så det er kanskje ikkje så rart at det har tatt nokre år. I tillegg var det 10 år sidan vi hadde vore her saman. Det var difor mykje mimring som skulle utførast. Slettes ikkje vanskeleg når vi fekk leigd oss ei leiligheit rett på andre sida av gata frå der vi budde i hine hårde dagar. No var det berre å traska dei same vegane til plazaen, Calle Caballeros, El Mercado Central, Pappardella osv. 

Må få nytta høvet til å skryta villt og hemningslaust av våre vener på La Pappardella som lagar fantastisk god pasta. Eg hadde gløymt at pasta kan smaka så godt. I tillegg ligg restauranten rett ved plaza de la Reina som og er rett ved katedralen. Vi hadde fast bord her ein gong i veka for 15 år sidan. Det fyrste året dei hadde opna restauranten sin. Gjennsynsgleda var stor på båe sider. 

Til alt overmål hadde veninna vår bestemt seg for å gifta seg nett denne helga så vi fekk med oss eit intimt og hyggeleg bryllaup i Xativa.

Det einaste skåret i gleda var at grunna bryllaupet gjekk eg glipp av strikkekafeen i Valencia - Valencia knits.

søndag 29. april 2012

Hardtarbeidande husmor på ferie


Litjpia har reist på ferie. Eg har altså berre meg sjølv å tenkja på. Det er himmelsk. Kva er vel då meir nærliggjande enn å straks reisa ut på hytta og ta seg ei skikkeleg arbeidsøkt? Etter obligatorisk kaffe og avis på trappa i sola (og restane av påskegodtet) så gjauv eg laus på skjulet. Ein slags gjennomgang der eg heile tida har vore redd for å trakka på spkiker frå all den planken som låg der og som elles var full av rusk og rask. Av ein eller annan grunn tenkte eg for nokre år sidan at det var lurt å samla kvist og kvast for småbrensel i rein sjølvbergingsand. Rusk, det er og vert ikkje anna enn rusk og eigentleg brenn det ikkje så himla bra heller. Oppskrytt, øh ingen har vel skrytt av det anna enn meg sjølv. No skulle i alle fall den hersens greia til pers. 

De av dykk som tykkjer at det no liknar på eit rotihop av gamalt materiale og slettes ikkje shina, har sjølvsagt heilt rett, men de skulle berre sett kva slags skjorereir det var før. No har eg klart å laga til tre vedkasser som eg har kledd med noko gamal takpapp eg hadde liggjande. Eg trur eigentleg at det avrunda steinformasjonen der må ha vore ein del av smia tidlegare. Kvifor skulle ein elles mura det opp slik? Vel, vel, Oppe til høgre ser de dei fantastiske vedkassene. Det sit faktisk fast. Eg har spikra det i hop slik at det står støtt og så kan vi tenkja oss at eg ville ha ein litt tilfeldig look. "Golvet" var berre stein så eg heiv på litt meir stein for å ha underlag til den gamle døra/lemmen. Det er meir enn nok stein på den tomta mi for å seia det mildt. Nedst til høgre ser det skjorereiret. Det har no vorte til ved. Eg skjønar faktisk kvifor ein del menn likar å kløyva ved. Ein kjenner seg ekstremt nyttig og produktiv. I tillegg får ein operera skikkeleg verkty. Eg fekk endeleg brukt den kappsaga eg kjøpte då eg trudde eg skulle byggja meg sofa. Den sofaen er framleis ikkje bygd, men det er jo framleis tid til litt bygging og teikningane frå syskenbarnet mitt Guro, dei har eg enno. 

Om ikkje det var nok (utruleg kor mykje tid ein har når ingen heile tida spør om noko) så har eg endeleg fått trekt ferdig gyngestolen. Litt under midten ser de det fantastiske blomstermotivet som før pryda gyngestolen. Den hadde då i tillegg kapper rundt det heile. Vanvittig spør du meg. Orginalen har jo rotting i sete og rygg, men det har vel gått i stykker på eit tidspunkt. Så Grete viss du ser dette og tykkjer eg har fare ille åt med gyngestolen til mormora di så er det berre å ta av trekket og så dett kappene ned igjen. Veldig reversibelt.

Bjøllesauene har ringla så fint for meg i heile dag i lag med P2. Toppen på lukke spesielt når eg fekk med meg Folkemusikktimen.

Ha ei strålande veke! 
Snart reiser eg til Valencia :-)

Småfusking på symaskin


Ikkje nett nokon syekspert, men det er gøy med mønster og fargar. Tre puter over same lest. Kroklisser og stoff frå IKEA. Sleit med å få stramma undertråden på den eine og så handla det kanskje berre om å treom på nytt.
Blant alt bestemor mi samla på av hyssing og gamalt innpakkingspapir så hadde ho sjølvsagt også ein gamal sukkersekk frå Cuba.



Elles er det veldig kjekt å ha ei jente som snart er 4 år. Endeleg har eg fått hjernen tilbake og litt aktivitetsspelerom. I dag har ho latt meg både rydda, sy og putla på medan ho sjølv putla rundt meg. Det er verkeleg eit nytt liv. Baksida av det er at eg orkar andre ting enn å setja meg i sofaen og strikka så det vert lite strikking for tida. Ingen ting å klaga på eigentleg, men no kjem det kanskje til å vera litt langt mellom strikkeinnslaga her.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails