Sider

søndag 20. mai 2012

På gamle brusteinstier i Valencia


Ah, kor herleg var det ikkje å vera attende i Valencia. Eg må berre seia at den som ikkje har vore her enno bør ta seg ein tur. Kvifor må alle på død og liv reisa til Barcelona på storbyferie når ein har Valencia. Det er den 3. største byen i Spania og eg tør påstå den har Spanias finaste plaza - Plaza de la Virgen. 

Veninna mi og eg vart kjend her for 15 år sidan. Litt merkeleg å tenkja på at det har gått så mange år, men så har vi jo vorte ferdig med studier, spesialisering, fått oss nokre ungar etc så det er kanskje ikkje så rart at det har tatt nokre år. I tillegg var det 10 år sidan vi hadde vore her saman. Det var difor mykje mimring som skulle utførast. Slettes ikkje vanskeleg når vi fekk leigd oss ei leiligheit rett på andre sida av gata frå der vi budde i hine hårde dagar. No var det berre å traska dei same vegane til plazaen, Calle Caballeros, El Mercado Central, Pappardella osv. 

Må få nytta høvet til å skryta villt og hemningslaust av våre vener på La Pappardella som lagar fantastisk god pasta. Eg hadde gløymt at pasta kan smaka så godt. I tillegg ligg restauranten rett ved plaza de la Reina som og er rett ved katedralen. Vi hadde fast bord her ein gong i veka for 15 år sidan. Det fyrste året dei hadde opna restauranten sin. Gjennsynsgleda var stor på båe sider. 

Til alt overmål hadde veninna vår bestemt seg for å gifta seg nett denne helga så vi fekk med oss eit intimt og hyggeleg bryllaup i Xativa.

Det einaste skåret i gleda var at grunna bryllaupet gjekk eg glipp av strikkekafeen i Valencia - Valencia knits.

søndag 29. april 2012

Hardtarbeidande husmor på ferie


Litjpia har reist på ferie. Eg har altså berre meg sjølv å tenkja på. Det er himmelsk. Kva er vel då meir nærliggjande enn å straks reisa ut på hytta og ta seg ei skikkeleg arbeidsøkt? Etter obligatorisk kaffe og avis på trappa i sola (og restane av påskegodtet) så gjauv eg laus på skjulet. Ein slags gjennomgang der eg heile tida har vore redd for å trakka på spkiker frå all den planken som låg der og som elles var full av rusk og rask. Av ein eller annan grunn tenkte eg for nokre år sidan at det var lurt å samla kvist og kvast for småbrensel i rein sjølvbergingsand. Rusk, det er og vert ikkje anna enn rusk og eigentleg brenn det ikkje så himla bra heller. Oppskrytt, øh ingen har vel skrytt av det anna enn meg sjølv. No skulle i alle fall den hersens greia til pers. 

De av dykk som tykkjer at det no liknar på eit rotihop av gamalt materiale og slettes ikkje shina, har sjølvsagt heilt rett, men de skulle berre sett kva slags skjorereir det var før. No har eg klart å laga til tre vedkasser som eg har kledd med noko gamal takpapp eg hadde liggjande. Eg trur eigentleg at det avrunda steinformasjonen der må ha vore ein del av smia tidlegare. Kvifor skulle ein elles mura det opp slik? Vel, vel, Oppe til høgre ser de dei fantastiske vedkassene. Det sit faktisk fast. Eg har spikra det i hop slik at det står støtt og så kan vi tenkja oss at eg ville ha ein litt tilfeldig look. "Golvet" var berre stein så eg heiv på litt meir stein for å ha underlag til den gamle døra/lemmen. Det er meir enn nok stein på den tomta mi for å seia det mildt. Nedst til høgre ser det skjorereiret. Det har no vorte til ved. Eg skjønar faktisk kvifor ein del menn likar å kløyva ved. Ein kjenner seg ekstremt nyttig og produktiv. I tillegg får ein operera skikkeleg verkty. Eg fekk endeleg brukt den kappsaga eg kjøpte då eg trudde eg skulle byggja meg sofa. Den sofaen er framleis ikkje bygd, men det er jo framleis tid til litt bygging og teikningane frå syskenbarnet mitt Guro, dei har eg enno. 

Om ikkje det var nok (utruleg kor mykje tid ein har når ingen heile tida spør om noko) så har eg endeleg fått trekt ferdig gyngestolen. Litt under midten ser de det fantastiske blomstermotivet som før pryda gyngestolen. Den hadde då i tillegg kapper rundt det heile. Vanvittig spør du meg. Orginalen har jo rotting i sete og rygg, men det har vel gått i stykker på eit tidspunkt. Så Grete viss du ser dette og tykkjer eg har fare ille åt med gyngestolen til mormora di så er det berre å ta av trekket og så dett kappene ned igjen. Veldig reversibelt.

Bjøllesauene har ringla så fint for meg i heile dag i lag med P2. Toppen på lukke spesielt når eg fekk med meg Folkemusikktimen.

Ha ei strålande veke! 
Snart reiser eg til Valencia :-)

Småfusking på symaskin


Ikkje nett nokon syekspert, men det er gøy med mønster og fargar. Tre puter over same lest. Kroklisser og stoff frå IKEA. Sleit med å få stramma undertråden på den eine og så handla det kanskje berre om å treom på nytt.
Blant alt bestemor mi samla på av hyssing og gamalt innpakkingspapir så hadde ho sjølvsagt også ein gamal sukkersekk frå Cuba.



Elles er det veldig kjekt å ha ei jente som snart er 4 år. Endeleg har eg fått hjernen tilbake og litt aktivitetsspelerom. I dag har ho latt meg både rydda, sy og putla på medan ho sjølv putla rundt meg. Det er verkeleg eit nytt liv. Baksida av det er at eg orkar andre ting enn å setja meg i sofaen og strikka så det vert lite strikking for tida. Ingen ting å klaga på eigentleg, men no kjem det kanskje til å vera litt langt mellom strikkeinnslaga her.

søndag 15. april 2012

Kunst mot kjønnsleppekirurgi

Dette kunstprosjektet må vera eit av dei flottaste på lenge. Eg skulle i alle fall gjerna ha sett det. Ein skulptur med 400 gipsavtrykk av ulike vulvaer med mål om å visa kvinner og menn korleis ein vulva verkeleg ser ut og med det gå til åtak på kjønnsleppekirurgien.

Som gynekolog møtet eg av og til kvinner som meiner dei har for store kjønnslepper. Dei er alle sjølvsagt heilt normale å sjå til. Eg har skrive om dette tidlegare Plagsame kjønnslepper der eg mellom anna kritiserer NRK for å visa programmet "Pinlege sjukdomar" som opererer på friske kjønnslepper og understøtter vrangforestillinga om at kjønnslepper skal vera under ein viss storleik. I tillegg har eg vist til kvinde kjenn din kropp og kussomaten som har hatt same agenda som denne utstillinga ved å ta bilete av vanlege underliv.

Bladet Alt for damene har skrive ein artikkel om intimkirurgi med bakgrunn i denne utstillinga. Eg finn det i grunnen litt sjokkerande at ein skal behandla folks dårlege sjølvbilete ved å kutta i underlivet deira. I staden er dette kulturprosjektet som tar opp kampen mot pornonormifiseringa av underlivet som utgangspunkt for kunnskap om kva som er normalt.

onsdag 28. mars 2012

Snart nyfødt


No venter vi i spenning kvar dag på at det skal koma ei lita jente. Var litt usikker på om ho hadde eit hentesett for korkje mormora eller mora strikka så då slo eg like så godt til med eit heilt lite antrekk. Vi får sjå. Det finst jo ei farmor også.

Hadde kjøpt noko melkefibergarn ei tid tilbake. Det er utruleg mjukt og deilig og skal elles ha same kvalitetane som ull i følge ho som selde det sjølv om det kjendest meir ut som mjuk bomull. 

Lua er frå Pickles sitt hentesett, men i staden for å strikka vaffelstrikk så strikka eg daisies. Dei kan brukast til alt. Jakken har eg komponert sjølv. Likte godt A-forma og beltet i daisy-strikk. Det er strikka nedanfrå og opp.

Ja, ja, så fekk eg blogga litt igjen då. Det vert lite av det for tida. Får knapt lese noko bloggar og. Veit ikkje heilt kvar tida tar vegen. Eller vel, det er mykje arbeid med den kongressen der heklevaginaen skal vera.



Ha ein fin kveld!

fredag 23. mars 2012

Småfolk i små plagg


No er det småfolk på gang i gjen. Ja, ikkje hjå meg altså. Her er egga i ferd med å tørka på rot og det får dei berre gjera, men eg har jo veninner som ventar små. Veldig gøy når det flaskar seg for folk og det tyt ut små fine ungar. Denne vesle pia er ikkje fødd enno, men terminen er rett rundt hjørnet. 

Mora strikkar ikkje sjølv så då er det jo ekstra hyggeleg å produsera nokre få plagg. Her har de eit par luer, men det er meir på pinnane.

Det grøne garnet er frå Nøstebarn og det plommefarga meiner eg er restar eg fekk frå Lise.



Har hatt det litt travelt i det siste så har måtte nedprioritera strikkepinnane litt diverre.

tirsdag 13. mars 2012

Blåveis


Eit sikkert vårteikn. Når regnet bøtter ned så er det ikkje så ofte ein kikker i hagen, men i helga fanga plutseleg desse blå, blå lykkeskapningane augene mine. Kor lenge dei har vore der anar eg ikkje, men at dei er eit kjærkome vårteikn er i alle fall sikkert. 

Eg har nok skrive om desse blåveisane til bygården vår tidlegare. Dei er beundra av mange. Ikkje så vanleg med blåveis i Bergen korkje i byen eller på landen, men midt på Møhlenpris finst det altså ei ganske så stor tue gøymt under eit utspring.


GOD VÅR FOLKENS!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails