Sider

onsdag 8. februar 2012

Fanabolero

Snakk om tre i eitt. Dette er eit skikkeleg kinderegg. Eg har strikka, hekla og brodert. Trur dette må vera det mest forseggjorte plagget eg nokon gong har laga. Kanskje er det difor eg har budd i det i dag. Som Besta sa så kan det eigentleg brukast både til fint og kvardags avhengig av kva ein har under. Eg var også på ein fotoseanse i dag der eg brukte jakka. Diverre så er det nokon som eig dei bileta så eg kan ikkje berre bruka dei fritt utanom i privat samanhang. Og det er vel strengt tatt ikkje dette. De må altså nøya dykk med dei bileta eg fekk veninna mi til å ta på altanen på Kvinneklinikken i Bergen då sola diverre hadde gått attom ei stadig veksande sky. Ein smule irriterande kan ein vel seia. Jakka var sjølvsagt endå finare i dei proffe bileta i soljos enn i skuggedalen på KK. 

Eg er altså strålande nøgd med jakka. Fekk i tillegg kjøpt meg ei fin nål til å lukka ho med på Husfliden i dag av bein og tre.

Nett som eg sit her burde eg også ha rydda i heimen, men er alt for nøgd med jakka til ikkje å blogga om ho idag sjølv om det er midt på natta.

Eg har altså som de ser lagt på ein rutebord og nokre ekstra luserader (6stk) for å gjera det til ei jakke i staden for ein bolero. Det takkar eg meg sjølv for gong på gong, for den hadde nok ikkje vorte brukt viss den var ein bolero. Eg måtte også justera litt på skuldrene etter at eg sydde den saman for den siste luserekka gjorde at skuldrene sto eit par cm utanfor skuldrene. Såg nesten ut som eg hadde skulderputer. Det er ikkje den effekten eg ynskjer så då korrigerte eg det. Sidan eg tok med dei ruterekkene på bolen også så fekk eg jo ganske så mykje ekstra å brodera også. Det tok 2-3 kveldar å brodera alt. De finn mønsteret på Ravelry og Epla.

lørdag 4. februar 2012

Artig å brodera


Forbausande artig faktisk. Trudde også det kom til å ta mykje meir tid enn det det gjer. Ferdig med eitt erme og snart to berre på ein kveld. Dette var altså meir i føljetongen om fanaboleroen. Lite anna som vert strikka for tida. Alt for mykje tid som går bort i Wordfeud og Backgammon er eg redd.

GOD HELG!!!

torsdag 2. februar 2012

Eit lite snikfoto


No har eg byrja på heklekanten på Fanaboleroen. Må seia eg er ganske så nøgd. Snart skal eg brodera.

Ha ein god kveld!

søndag 29. januar 2012

Bestakåpa


Verdas beste Besta har hengt over symaksina i dag. Snakk om å vera heldige. Litjpia var også veldig nøgd med kåpa si. Ho hadde vore med og tatt ut stoffet og fargevalet. Sto lenge ogs spegla seg. Det er eit godt teikn. Elles er eg redd ho kjem til å sjå på barndomstida si som eit langt husflidsmareritt med stadig nye heimespøta plagg. 

Ha ein god sundagskveld! Eg ser eg har mykje godt i vente når det gjeld nett-TV.

onsdag 25. januar 2012

Hekle og klippe

Fanaboleroen veks. No mangler eg faktisk berre å strikka ein kant, hekla kantar og brodera så er han klar. På vegen til det måtte eg klippa opp framme. Symaskina står på hytta så den er ikkje tilgjengeleg. Rett nok bur verdas beste Besta i etasjen under, men no hugsa eg plutseleg på at eg hadde sett at Vibekes lille ullne hadde link til korleis hekla kantar før ein klipper. Her finn de linken til hekleinstruksen. Puh, hjartet i halsen før eg klipte, men det ser ut til å ha gått bra. 


No skal eg berre spela litt meir wordfeud og så strikka litt i mellom slaga så vert det snart ei fanakofte å visa fram. Det er ikkje mykje bolero akkurat. Som sagt tidlegare tykkjer eg ikkje magepartiet gjer seg heilt i ein bolero lenger.

søndag 22. januar 2012

Gnistrande vakker vinter


Lukka i livet viste seg denne helga å vera vener med hytte på Kvamskogen. Snakk om herleg vintervær, Når ein er i Bergen så trur ein ikkje det finst noko som heiter snø, men berre ein time unna har ein altså vakre snødungar og ein halvmeter med laus nysnø. Eg er eigentleg ikkje nokon skientusiast, men dette smelta også mitt skihjarte. Litjpia derimot er ein skientusiast og har no byrja sin andre sesong på ski. Vi gjekk i alle fall 1 km i dag. Fiskebein og litt bakker er forsert og motet er på topp. Dette må vera genetisk for det er i alle fall ikkje sosialt betinga. Men som god nordmann..... så skjønar eg jo at eg får gje ho det ho vil ha så då må også skia mine fram. Dei har ikkje vore brukt på tre år. Hytteverten har vist seg som den sanna skientusiasten han er og har også sørga for at dei smørefrie skia mine har fått glider foran og bak. Øh, no skjøner eg kvifor dei har lugga tidlegare.

tirsdag 17. januar 2012

Knitting looms

 
For meg ser dette ut som den gamle fingerstrikkinga eller dei derre trådsnellestrikkegreiene ein laga ein gong i tida med fire spiker på ei trådsnelle. Men det ser altså ut til at dei finst også i større variantar og at folk lagar alt mogleg av slike looms. Berre sjekk denne nettstaden eller denne.

Dette seier dei om looms:
Knitting looms are simple weaving tools made of wood or plastic. Using a wrapping process, yarn is wound around the pegs of a loom to create rows of knitting. The process is simple, but the variety, shapes and sizes of looms are growing constantly as loom knitters experiment with their craft.
 Veit ikkje nett om eg syns det ser enklare ut enn strikking. Takke meg til ein rundpinne, men det er kanskje enklare for nybyrjarar. Vi kjøpte i alle fall ein loom med oppskriftsbok til niesa mi på 8 år.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails