Sider

fredag 31. desember 2010

Vott, vottare, vottast

Ok, så gjekk det mykje i vottar før jul. Og dei var også skorne over same grunnoppskrift. Nemleg nøstebarn sin rillevott. Nokre av dei strikka eg også med magic loop i staden for fram og attende som det står i oppskrifta.

For dei som lurte på kva magic loop er så er finn de det her. Det er då for oss om ikkje liker å strikka med 5 pinner. Eg må nok ha litt meir øving før det eigentleg vert noko særleg betre enn og raskare enn 5 pinnar, men det er vel noko med desse lette fobiane.

Desse vottane er strikka på 4,5 mm pinnar og ca tjukkelse svarande til vamsegarn. På den måten har dei vorte veldig tette og varme. Mange av vottane var også strikka med dobbelt garn inkludert ein mohairvariant. Veldig greit viss ein har ein del restegarn.




No er eg på gang med litt større prosjekt igjen. Det er ein del barn som skal få gåver på nyåret. Sparkjøp hadde også 20% på alt garn. Mykje av det garnet som selgast der har jo litt odde fargar, men Cortina soft kom i overraskande fine fargar. Når ein får garn for 10 kr nøstet så vart det mykje hamstring er eg redd. Mor mi reiste heim med 4 bæreposar med garn som ho hadde kjøpt på ulike utsal i løpet av romjula. Ein kan trygt seia at eg er arveleg belasta.

mandag 27. desember 2010

Kåpe i haustfargar


Litjpia har besteveninna si i naboleiligheita. Det er sjølvsagt eit lukkehell for alle partar. Ho har fantastiske, fine fargar så då eg skulle strikka kåpa til Sandnesgarn så valde eg å bruka haustfargar. Eg fann det rustfarga garnet i billigkorga på fabrikkutsalet til Dalegarn. Det viste seg å ikkje vera nok så då kom eg på ideen om å ha brunt i overkroppen. Knappene var også eit lukkefunn. Dei passa perfekt. 

Med ein slik strålande modell så har kåpa fått sin rette eigar.

Kåpa går veldig raskt å strikka, og mor mi har seinare brukt legget bak i andre på ei dokkekåpe også.


Håper alle har ei strålande jul. Det har vore lite blogging på meg i det siste. Stort sett har eg strikka julegåver og dei er det litt vanskeleg å blogga om. Til slutte gløymde eg å ta bilde av ca halvparten også.

tirsdag 21. desember 2010

Jul i vintage arvegods

Som eg har sagt tidlegare så har eg vore med og rydda på loftet etter besteforeldra mine. Der var det mange gamle klede. Deriblant denne kjolen.

Den var mormora mi sin og mor mi trur ho brukte han på slutten av 40-talet då onkelen min var liten gut. Sidan oldefar min var skreddar er det også mest sannsynleg han som har sydd han. 

På føtene har eg farmor sine gamle sko frå 30-talet då ho var ung og gjekk i selskap. Dei har nesten den same fargen.

Mest overraska er eg over at han passer så godt som han gjer. Eg tenkjer på bestemora mi som lita og nett, og sikkert 10 cm kortare enn meg. Men han sit faktisk som støpt. På innsida har eg til alt overmål ein av dei gamle underkjolane hennar.




Diverre er lyset på årets kortaste dag ein sorgens kapittel så det er absolutt ikkje tilrådd å zooma bildene. Litjpia har også grisa på linsa ser det ut til slik at eg har fått ein imaginær flekk på kjolen. Det får de bæra oer med. Eg kunne berre ikkje dy meg for å visa han fram.

mandag 6. desember 2010

Vottedilla

Vert litt gira på eit mønster av og til særleg når det er slik som dette at ein nesten kan få ferdig eit par per kveld.

Eg missliker sterkt å strikka med 5 pinner så då eg såg nokon som strikka denne Rillevotten til Nøstebarn så vart eg inspirert. Etter å strikka 4 par var eg rett nok litt lei av det og no er eg over på magic loop.



Eg hadde noko fluffy garn eg hadde kjøpt på Stoff og stil som sjølvsagt viste seg å vera 60% acryl. Kvifor sjekka eg ikkje det litt før. Hmpf, ja, det har eg spurt meg sjølv om. Endeleg har eg i alle fall fått brukt det for når ein likevel strikkar med dobbel tråd så vert det både slitesterkt og varmt på same tid. Eg hadde mellom anna noko 3 tråds raumagarn liggjande, og det er i grunnen ganske stivt og kløframkallande, men saman med denne mohair og acryl greia vart det heilt supert. 

Eg har også ein del anna restegarn som har fått køyrd seg, og eg har ikkje strikka den siste votten enno, men som sagt trur eg det vert meir variasjon over same masketal, men på magic loop.

tirsdag 30. november 2010

Teppe til Australia


Mor mi i Brisbane, Australia (eg var utvekslingselev i 88/89) skal verta bestemor. Vi ventar på ein fin, fin gut rett over nyttår. 

Det er ikkje lett å strikka noko til folk som lever livet i konstant sumar der vinteren er varmare enn vår eigen sumar. Det gjer seg liksom ikkje like mykje med ull trass i at nokre eg kjenner sverger på at ull bør ein nytta i all slags vær. 

Så kva skal ein då strikka?


Voila, eit lite babyteppe i bomull. "Svalande vind, mjukt som eg minnast du strauk hennar kind, svalande vind kom" (Hartvig Kiran) Altså vonleg eit svalande teppe når kroppen kovnar i skuggen eller i vinden frå air con.

onsdag 24. november 2010

Frå bestemor sitt skattkammer

Posted by Picasa

Det er stor gåveproduksjon for tida, og det er det litt vanskeleg å blogga om. I alle fall lenge før sakene skal giast bort.

Om sider har eg derimot fått tid til å vaska og stryka nokre av dei gamle barnekleda eg fann på kottet til besteforeldra mine. Dette er truleg klede som min onkel, tante og mor brukte på 40- og 50-talet då dei var små ungar. Oldefar min var skreddar så eg vil tru at mykje av dette er ting som han har sauma.

Så no er det berre for syskenbarna mine å produsera barn som kan få bruka desse kledene. Vi har allereie sett for oss at skjønningen eit par innlegg lenger ned skal ha på seg denne ballong-/bleiebuksa og jakken med kvit eller myrkeblå strømpebukse på 17. mai. Vi får berre vona at storleiken held.

tirsdag 9. november 2010

Hals

Det er mange prosjekt for tida, men ein god del er gåver og då er det litt vanskelegare å blogga om dei. Så då vart det denne vesle halsen til litjpia. Ikkje store greiene rett nok. Det er alpakka og rein rett og vrang 60 masker på kvar side. Eg liker i grunnen godt denne enkle, veldig standard halsen sjølv om han kanskje ikkje er så fancy som mange andre.


Elles har eg vore på kino og vorte skuffa over "Kvinner utan menn". Det kan de lesa om på den andre bloggen min. Og så sit eg her og kjenner at forkjølesen held på å slippa taket og håper berre ikkje at spysykja til besta har smitta over på oss for på fredag reiser eg på overraskingstur med fly ein eller annan stad. Det gler eg meg skikkeleg til. Det einaste eg veit er at eg kan pakka som til ein helgatur i Oslo og at eg ikkje treng å ha med badeutstyr. Då skulle spa og Blue Lagoon på Island vera utelukka. Kanskje finn eg noko spennande garn på vegen. Det er lov å håpa.


LinkWithin

Related Posts with Thumbnails