Sider

søndag 19. februar 2012

Strikketaggarane

Har vore i Oslo i helga i 70-årsdag. Det høyrest kanskje ikkje så sprekt ut, men dette er verdas kulaste dame  - Agnete Strøm som mellom anna har vunne likestillingsprisen i Bergen 3 gonger. Kjenner eg vart veldig overraska over ikkje å finna ein wikipediaartikkel om Agnete.... Ho har vore internasjonalt ansvarleg i Kvinnefronten i ei årrekke og drive prosjekter i mellom anna Tanzania, Peru, Filipinene med meir. Aktiv i kampen for å gi kvinner asyl med grunn i kjønnsbasert forfølgelse og for å få i gjennom sexkjøpslova. Vel, festen varte til halv 5 om morgonen etter taler, musikk og dans. 

Men i denne bloggesamanhangen så skulle eg vise bileta av strikketagginga i Nydalen. Det var nemleg fint vær i dag i Oslo og storfamilien har vore på tur. Noko har vorte litt falma, men dei har lagt til nye kreasjonar. Strikking er også überkult for tida.

lørdag 11. februar 2012

Prinsessekrone

Det går rimeleg mykje i prinsesser, fine kjoler og ynskjet om endå fleire kjoler og smykker for tida. Puh, har kjøpt inn heksekostyme i dag som ei motvekt.


Men i tillegg har eg gitt etter for ynskjet om ei prinsessekrone. Det er karneval på fredag og prinsessekostyme er bestillt. Så då har eg like så godt hekla ei krone. Jenta er fornøyd og det er eg og. Mykje betre at ein gjer seg ferdig med dei derre prinsessegreiene no og så kan feministen dukka fram frå tyllskya seinare.

onsdag 8. februar 2012

Fanabolero

Snakk om tre i eitt. Dette er eit skikkeleg kinderegg. Eg har strikka, hekla og brodert. Trur dette må vera det mest forseggjorte plagget eg nokon gong har laga. Kanskje er det difor eg har budd i det i dag. Som Besta sa så kan det eigentleg brukast både til fint og kvardags avhengig av kva ein har under. Eg var også på ein fotoseanse i dag der eg brukte jakka. Diverre så er det nokon som eig dei bileta så eg kan ikkje berre bruka dei fritt utanom i privat samanhang. Og det er vel strengt tatt ikkje dette. De må altså nøya dykk med dei bileta eg fekk veninna mi til å ta på altanen på Kvinneklinikken i Bergen då sola diverre hadde gått attom ei stadig veksande sky. Ein smule irriterande kan ein vel seia. Jakka var sjølvsagt endå finare i dei proffe bileta i soljos enn i skuggedalen på KK. 

Eg er altså strålande nøgd med jakka. Fekk i tillegg kjøpt meg ei fin nål til å lukka ho med på Husfliden i dag av bein og tre.

Nett som eg sit her burde eg også ha rydda i heimen, men er alt for nøgd med jakka til ikkje å blogga om ho idag sjølv om det er midt på natta.

Eg har altså som de ser lagt på ein rutebord og nokre ekstra luserader (6stk) for å gjera det til ei jakke i staden for ein bolero. Det takkar eg meg sjølv for gong på gong, for den hadde nok ikkje vorte brukt viss den var ein bolero. Eg måtte også justera litt på skuldrene etter at eg sydde den saman for den siste luserekka gjorde at skuldrene sto eit par cm utanfor skuldrene. Såg nesten ut som eg hadde skulderputer. Det er ikkje den effekten eg ynskjer så då korrigerte eg det. Sidan eg tok med dei ruterekkene på bolen også så fekk eg jo ganske så mykje ekstra å brodera også. Det tok 2-3 kveldar å brodera alt. De finn mønsteret på Ravelry og Epla.

lørdag 4. februar 2012

Artig å brodera


Forbausande artig faktisk. Trudde også det kom til å ta mykje meir tid enn det det gjer. Ferdig med eitt erme og snart to berre på ein kveld. Dette var altså meir i føljetongen om fanaboleroen. Lite anna som vert strikka for tida. Alt for mykje tid som går bort i Wordfeud og Backgammon er eg redd.

GOD HELG!!!

torsdag 2. februar 2012

Eit lite snikfoto


No har eg byrja på heklekanten på Fanaboleroen. Må seia eg er ganske så nøgd. Snart skal eg brodera.

Ha ein god kveld!

søndag 29. januar 2012

Bestakåpa


Verdas beste Besta har hengt over symaksina i dag. Snakk om å vera heldige. Litjpia var også veldig nøgd med kåpa si. Ho hadde vore med og tatt ut stoffet og fargevalet. Sto lenge ogs spegla seg. Det er eit godt teikn. Elles er eg redd ho kjem til å sjå på barndomstida si som eit langt husflidsmareritt med stadig nye heimespøta plagg. 

Ha ein god sundagskveld! Eg ser eg har mykje godt i vente når det gjeld nett-TV.

onsdag 25. januar 2012

Hekle og klippe

Fanaboleroen veks. No mangler eg faktisk berre å strikka ein kant, hekla kantar og brodera så er han klar. På vegen til det måtte eg klippa opp framme. Symaskina står på hytta så den er ikkje tilgjengeleg. Rett nok bur verdas beste Besta i etasjen under, men no hugsa eg plutseleg på at eg hadde sett at Vibekes lille ullne hadde link til korleis hekla kantar før ein klipper. Her finn de linken til hekleinstruksen. Puh, hjartet i halsen før eg klipte, men det ser ut til å ha gått bra. 


No skal eg berre spela litt meir wordfeud og så strikka litt i mellom slaga så vert det snart ei fanakofte å visa fram. Det er ikkje mykje bolero akkurat. Som sagt tidlegare tykkjer eg ikkje magepartiet gjer seg heilt i ein bolero lenger.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails