Sider

tirsdag 20. april 2010

Nostalgi med broderi/nostalgic needle point

Bestemora mi elska desse broderibilda, og eg elska bestemora mi. Saman sat vi og broderte romantiske broderi i ull og bomull medan vi høyrte på "Husker du". Det var i lang tid yndlingsprogrammet mitt (eg var vel 7-8 år), og eg hugsar enno med sorg at Odd Grythe døde. 

No er bestemor og bestefar for lengst døde og broderibilda har fått ny renessanse på hytta. Syns dei eignar seg godt i den gamle smia med det babyrosa interiøret. Fjollete fint, kan ein vel seia. 

Her har også den gamle, morske prostinnen fått plass på veggen. På byrjinga av nittenhundretalet sendte ho sin eldste son til USA for å gå på skule slik at han skulle gløyma husmannsjenta han var forelska i. Ho konfiskerte i tillegg dei breva dei forsøkte å senda til kvarandre - prestens bustad var postkontoret. Men dei gløymde aldri kvarandre og ca 40 år seinare møttest dei. Då var dei båe vorte enkefolk - og så fekk dei kvarandre. Hah, det skulle ho visst overkicadoren.

My grandmother loved these needle points and I loved my grandmother. So the two of us sat down and did needle point together. Now both my grandparents are long gone and the needle points have gotten their renessanse at my country cottage. Just next to the strict reverends wife who sent her oldest son to the States in 1905 so he would forget about the poor farmer's girl he was so in love with. She even confiscated their attempts of correspondence. They never forgot each others though and after 40 years they finally met. Both had widowed and were free to marry. A sad but lovely story. The old bag should have known.

lørdag 10. april 2010

Meire ull/more wool

I påska var vi på daglege turar til sauene og litjpia viste seg som ein ivrig fjøsrøktar. Det var nokre vakre fargespel i all denne vandrande ulla.


Eg har også sagt at eg gjerne tar litt ull så får vi sjå kva som skjer.




Ullfabrikken



At Easter we had our daily visits to see the seep and my little girl couldn't get enough of them. I have also said I'd like to use some of the wool so let's see what happens.

tirsdag 6. april 2010

Måser i vårløysing

Moseplassen har ein konkurranse gåande som heiter Frøken vårfryd. I går var vi i Drammen på besøk til syskenbarnet mitt og hennar familie. Barn skal luftast og mellom dissing/husking, balansering, pølser og skravling så gi desse måsene sigla avgarde nedover elva. Det var eit herleg syn. Diverre hadde vi ikkje supre kamera med så dette er tatt med ein mobil. 

Skvaldrande fuglar, lause isflak og ein spirande varme i lufta medan ungane endeleg kan finna leikeapparata som har smelta fram frå snøen, det er vår for meg.

mandag 5. april 2010

Kongeleg avtrede/royal hide out

Tradisjonen tru så har vi rom for dei kongelege på hytta der vi kan sjå på dei i ro og mak i private stunder. 

Doen er av type kremasjon med askeskuff som tømmast av mor. Ikkje alt for ofte heldigvis. Cinderella eller askepott om du vil.
Samlinga har berre så vidt byrja så vi får sjå kvar det ender.

Like the old tradition (at least in Norway) the toilet at the country cottage is a place to take a look at our royal family. It is still a collection under development so look out for more pics.

lørdag 3. april 2010

Påske på Tysso/ Easter at the country house

Den faste gjengen var på plass på hytta for spel, filmar, god mat og grilling i Dalen på påskeaften. Stort sett grått og regn, men ei strålande avslutning på vårt opphald i dag med strålande sol.

Her har de årets påskebord.

Eg strikkar stadig vidare på valmuene til Kaffe Fassett og trur eg endeleg er over den kritiske fasen. No er det berre striper på programmet.

I tillegg har eg reparert vimplane. Dei er laga av voksduk, og eg trudde dum som eg var at dei var så stive at dei ville halda seg fint ein etter ein på snora utan å skvusja seg saman. Så feil kan ein ta. Etter at tyngdekrafta og vinden hadde fått leika litt med dei så var dei alle klesst opp i eine enden av snora. No derimot har eg fasta kvar og ein vimpel med eit sting og berre øydelagt ein nagl på det. Klessnora som dei heng på er ikkje nett meint til å sauma i. 

Håper de alle framleis har ei god påske.

It has been Easter at the country cottage with the same group as always. Good food, games, films and lots of relaxing together with the local, traditional barbecue for the whole village. 

I am still knitting on the persian poppies but do think I have had a brake through. Have also mended the flag line. They are made of oilcloth and I kind of thought they would hang happily and easy on the line without having to fasten every one of them. I was so wrong. Gravity and the wind took hold of them and pressed them all in one direction. Now I have tighten every one of them with a stitch so lets hope they will stay put a little longer.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails