Sider

mandag 31. august 2009

Raudt, raudt og raudt




Hm, ja dette er jo kjærringbloggen min som naboane mine så treffande sa det. Tanketom exhibisjonisme kan ein jo også kalla det. Eg luffar rundt og gjer som dei gjer på interiørbloggar - tar bilete av interiøret mitt og siste innkomne detaljar. No er det siste ein raud stol kjøpt på Nobel Bopel som trass i å ikkje vera så store tydelegvis er drive av nokon som er sopass datakyndige at dei har sin eigen nettstad. Vel, dei er så og seia min næraste nabo så eg luffar forbi dei nokre gongar for dagen. Sidan eg gjerne ville flytta dei gamle stolane frå bestemor sin barndomsheim på Kotsøy til hytta på Tysso så må eg erstatta dei med noko anna. Snart er heile leiligheita mi full av raude møblar så kvifor ikkje denne stolen også. Er også veldig glad i det bambusforhenget av den vassberande kvinna. Eit sikkerstikk når det gjeld ungar. Det er ingenting som å vandra fram og tilbake gjennom det forhenget.

fredag 28. august 2009

Glitter og fjas






Sat i det som nesten er haustmørket og kosa meg over ljoset frå den absolutt fake prismekrona mi. Kjøpte ho for fem år sidan på ei lita sjappe ved Place des Vosges i Paris som no er lagt ned. Det er ikkje anna enn tant og fjas og plast rett i gjennom, men den gir eit veldig fint spel av ljoset og ingen treng jo å koma så nærme at dei ser alt støvet som har lagt seg på dei falske prismene.

Gammeldags omslagstrøye



Lillestakken vart strikka etter at eg hadde strikka denne omslagstrøya frå den same boka Myk start og bloggen til forfattaren av strikkeboka. EI nydeleg strikkebok for den som vil strikka til baby. Spesielt må eg seia at eg liker ermene. Dei vert veldig elegante i grunnen. Eg har tenkt å nytta den patenten på andre ting eg strikker også. I originalmønsteret er alt strikka i same garn og farge. Sidan eg aldri kan halda meg til ei oppskrift, men helst vil modifisera litt så har eg sjølvsagt endra fargevalet. Eg har også vald å ha to knapper i kvar side i staden for knyting. Ikkje veit eg kva som skjedde med rutemønsteret, men eg fekk i alle fall ikkje same breidden på stykket her som på rillestykket. Vel, vel, alt går ikkje alltid som planlagt, men trøye vart det alikevel. Garnet eg nytta var alpakkaull kjøpt i restekorga i Arequipa og det brune kjøpt hjå Husfliden.

mandag 24. august 2009

Ullkjole av restegarn


Ingenting er som å strikka av restegarn. Denne gongen er det diverse alpakkaull eg hadde liggjande. Strengt tatt var vel ikkje alt restegarn, men noko var enkelte nøste eg hadde kjøpt rett frå alpakkakjelda - eit utsal i Arequipa, Peru. Fyrst klappa vi diverse eksemplar av arten alpakka og så kjøpte eg nokre nøste frå restekorga deira etterpå. Det er deilig ull.

No har vetlejenta mi fått seg ullkjole til vinteren. Ei veninne av meg påstår at barndomstraumet til litjpia kjem til å verta at mora tvang ho til å gå i ullkjolar då ho var lita. Inspirasjonen kjem frå ei strikkebok som heiter Myk start og som også har ein tilhøyrande blogg. Kjolen heiter Lillestakken og er veldig enkel å strikka. Eg strikka 1 års-storleik.

tirsdag 18. august 2009

Kveldssol



Endeleg sol etter ein litt stusseleg og kald sommar. Vel, framleis er det ikkje nett varmt, men måtte gå i singlet på veg opp til Fjellveien i dag så det er då alltids noko.

Så då sola baud seg fram i vindaugskarmen min og lyste opp glaset slik tanken var så vart eg strålande glad.

lørdag 15. august 2009

Mykje garn



Vi køyrde forbi Janus og Oleana på veg heim frå Tysse på fredag og sidan vi hadde godt med tid så bestemte vi oss for å stikka innom lagerutsalet. Janus fabrikker har laga ny butikk og kulturlokale i den gamle fabrikken.Oleanna leier i lokalane til Janus. Vi tok også turen oppom der. For å koma fram til lagerutsalet må ein gå gjennom arbeidsromma der det sit mange kvinner og produserer kleda. Ei lita oppleving i seg sjølv. Fekk litt sånn Fredrikssons fabrikk-følelse... Rein bortsett frå at damene her var litt meir konsentrerte om arbeidet sitt. Oleana skal gå over til å nytta ei blanding av ull og silke i kleda sine og av den grunn så sel dei no ut alt det gamle garnet sitt som er totråds 100% ull i store 2kg "nøster". 2 kg garn kostar 150 kr. Du kan altså få garn svarande til 40 nøster for 150 kr. Mor mi og eg gjekk heilt amok. Eg besinna meg med 4 "nøste" medan mor mi kjøpte 5. No har vi nok garn i lange tider framover. Eg likte bildet av nøstene åleine best, men skjøna at den imponerande storleiken på dei ikkje kom til sin rett så difor har eg lagt til eit bilete av dei framfor bokhylla også. Legg merke til mi imponernde samling av fyrsteutgåvene av Modesty Blaise. Ein av dei få gongene eg har kjend meg sprø var då eg betalte 600 kr for hefte nr 3.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails